Når AI skriv kode. Korleis sikrar me eigarskap, kvalitet og fart i utviklinga?
AI-verktøy for utviklarar har for alvor gjort sitt inntog. Mange brukar i dag det som kan kallast vibe-koding: du gir ein enkel prompt, får ut kode, og så lenge funksjonaliteten ser ut til å stemme, går du vidare. Det kan vere glimrande til prototypar og raske PoC-ar. Men kva skjer den dagen applikasjonen brått ikkje virkar lenger, og supporten vert ringt ned av kundar? Korleis skal ein då kunne rette feilen dersom ingen forstår koden som AI-en har generert?
Agent-assistert koding i praksis
I Ilder nyttar me agent-assistert koding. Her fungerer AI som ein utviklingsagent utviklaren arbeider tett saman med.
Ein startar med ein presis prompt som inkluderer både funksjonelle krav og tekniske føringar. Når AI-en leverer kode, vert den gått gjennom nøye, justert, tilpassa og raffinert i fleire rundar. Nokre delar vert brukt slik det er, andre blir tilpassa eller skrivne heilt om. På denne måten held utviklaren kontrollen, og AI fungerer som fartshjelp utan å ta frå oss eigarskapet til sluttproduktet.
Senior fagkompetanse er nøkkelen
AI kan ta unna mykje av grovarbeidet, men det betyr ikkje at behovet for fagkompetanse forsvinn, heller tvert imot. Utan grunnleggjande forståing av programvareutvikling kan AI-generert kode bli direkte feil, og konsekvensane kan bli alvorlege. Difor er det heilt avgjerande at erfarne utviklarar kontrollerer og kvalitetssikrar koden før han blir ein del av den totale løysinga.
Kva betyr dette for kundane våre?
Agent-assistert koding gjer oss i stand til å utvikle applikasjonar raskere enn før. Resultatet blir ikkje berre meir funksjonalitet på kortare tid, men òg at me kan bruke meir energi på det som verkeleg skapar verdi: å forstå kundane, gi råd og byggje løysingar som treff.
For kundane betyr det raskare leveransar, betre kvalitet, mindre teknisk gjeld og meir verdi for investeringane. AI gir oss tempoet , men det er erfaringa, dømmekrafta og eigarskapet til utviklarane våre som gjer løysingane robuste og pålitelege.
Kort sagt: Hos Ilder brukar me AI for å kode raskare, men aldri utan å ta ansvar for kvaliteten. Difor kallar me det agent-assistert koding.
Claude ordner keisame småjobber med ein oneshot prompt