Krafta av AI og GPT - for innovasjon og effektivitet
Hos Ilder nyttar me GPT-teknologi til å utvikle AI-løysingar som betrar tekstgenerering, språkforståing og automatisering. Desse løysingane er spesialtilpassa for å auke operasjonell effektivitet og fremje innovasjon i ulike bransjar.
Ved å tilpasse teknologien til spesifikke utfordringar, hjelper me kundane våre med å løyse komplekse problem og utnytte moglegheitene GPT-teknologien gir.
IlderGPT - din sikre AI assistent
IlderGPT er ei trygg AI-løysing for interne dokument og data.
- Last opp dine interne dokument.
- Spør IlderGPT om kva som helst.
- Få hjelp utan å dele konfidensiell informasjon utanfor organisasjonen.
Vil du koble til eksterne datakjelder? Det ordnar me òg!

RAG modeller (Retrieval-Augmented Generation)
Hos Ilder bruker me RAG-modellar – ei AI-teknologi som kombinerer databasert kunnskap med språkmodellar (LLM, Large Language Models).
Slik fungerer det:
- Me byggjer ein indeks med relevant informasjon (til dømes forskingsartiklar om fiskehelse).
- Når du stiller eit spørsmål, blir informasjon frå indeksen sendt saman med spørsmålet til språkmodellen.
- Resultatet er meir presis og relevant AI-generert tekst.
Har du lyst til å teste vår fiskehelse RAG? Ta kontakt, så gir me deg tilgang!

Har du ein idé du vil lufte?
Me hjelper deg gjerne med å utforske moglegheitene med AI!
