Kort om kunden:
Bergen Havn AS er eigd av kommunane Bergen, Øygarden, Alver, Bjørnafjorden, Askøy, Austrheim og Fedje. I 2020 vart selskapet eit konsern som omfattar morselskapet Bergen Havn AS og dotterselskapa Bergen Havn Ågotnes og Bergen Hamn Utvikling AS. Dei viktigaste oppgåvene til Bergen Havn er å bidra til auka sjøtransport og leggje til rette for ei effektiv, trygg og miljøvenleg drift av hamna.
Om oppdraget
Me har arbeida med Bergen Havn for å videreutvikle EPI (Enviornmental Port Index) om me har arbeida med å forbetre og vidareutvikle Bergen Havns plattform for hamneoperatørar og reiarlag.
Me har analysert eksisterande brukardata for å sikre meir effektiv presentasjon og betre brukaroppleving, og samtidig lagt til rette for å kommunisere EPI-data til eksterne interessentar.
Gjennom interaktive økter har vi utvikla brukarpersonas og diskutert korleis data frå EPI kan nyttast strategisk for å støtte grøn omstilling, redusere utslepp og auke medvitet om miljøvennlege hamneoperasjonar. Dette har inkludert idémyldring rundt datavisualisering, innsikt i miljøpåverknad og moglegheiter for incentivordningar. Arbeidet legg eit solid grunnlag for å vidareutvikle EPI som eit verktøy for å fremje berekraftige løysingar og betre operasjonell effektivitet i skipsfartsindustrien.
Sjekk ut EPI her 👇

og Bergen Havn her 👇

(der kan ein forøvrig sjå ein widget me har laga for dei)