Korleis er det å jobbe i Ilder?
I Ilder har me alle moglegheit til å forme framtida gjennom eigarskap i vår eiga verksemd.
I fellesskap har me bestemt at Ilder skal vere tufta på verdiane openheit, leikenheit og fleksibilitet.
Det kjennes difor heilt naturleg for oss å vere fullstendig transparente om arbeidslivet i Ilder.
Som ein del av denne openheita har me gjort ei oppsummering av personalhandboka vår tilgjengeleg for alle som ønskjer å vite meir om korleis det er å vere ein del av Ilder-familien👇🏻

Lønn
I Ilder tilbyr me ein konkurransedyktig lønnsmodell som balanserer forutsigbarhet og insentiv. Tilnærminga vår sikrar at alle tilsette har gode vilkår, samstundes som me legg til rette for fleksibilitet og moglegheiter knytte til prosjektarbeid.
Lønna i Ilder er utforma for å vere konkurransedyktig i marknaden. Samla sett skal lønnspakka vår bidra til eit sterkt fagleg og sosialt miljø, der me som selskap jobbar som eit lag, støttar kvarandre og gjennomfører aktivitetar som skaper verdi for både dei tilsette og selskapet.
Overtidsbetaling
Alle tilsette i Ilder har rett på overtidsbetaling for pålagt eller førehandsgodkjent overtid. For fakturerbare overtidstimar får du 140 % av timelønna di. Timelønna blir rekna ut ved å dele årslønn på 1950.

Fleksibel arbeidskvardag
Fleksibel arbeidstid
I Ilder har me fleksibel arbeidstid som gjer at den tilsette kan tilpasse arbeidstida si utanfor kjernearbeidstida (09:00-14:00). Færre arbeidstimar éin dag kan vekslast inn i fleire arbeidstimar andre dagar.
Utbetaling av fleksitid
Nokre gonger har ein opptent meir fleksitid enn ein ønskjer å ta ut. Derfor gir me tilsette i Ilder moglegheit til å søkje om utbetaling av fleksitid. Timelønna blir rekna ut ved å dele årslønn på 1950.
Kjernetid
Som hovudregel skal tilsette vere tilgjengelege mellom 09:00 og 14:00, for å sikre tilgjenge til møte, samtalar og arbeidskoordinering.
Heimekontor
I Ilder er me fleksible på kvar dei tilsette jobbar frå, men me oppmodar tilsette til å jobbe frå våre flotte kontor i Bergen, Stord eller Fauske minst tre dagar i veka. Me ser at det å vere fysisk saman nokre dagar i veka bidreg til auka trivsel og motivasjon blant tilsette.

Pensjon, forsikring og aksjeprogram
Aksjeprogram
For oss er det viktig å skape eit selskap som tiltrekk seg talent og held på dei, og der kvar Ilder jobbar mot eit felles mål. Difor har me eit aksjeprogram som gir alle tilsette moglegheit til å ta del i den felles verdiskapinga. Me oppmodar alle tilsette til å delta i det årlege aksjeprogrammet, og me er stolte av at alle tilsette i dag er eigarar i Ilder.
Pensjonsordning
Ilder tilbyr ei av bransjens beste pensjonsordningar. Ilder betaler inn 5 % av fastlønna di frå første krone og opp til 7,1G, og 15 % av fastlønn frå 7,1G til 12G i innskotspensjon hos Gjensidige.
Uføreforsikring
Uføreforsikring er viktig, men ofte svært dyrt å kjøpe privat. Difor betaler me for uføreforsikring til alle fast tilsette i Ilder. Denne forsikringa sikrar redusert inntektsbortfall ved arbeidsuførleik eller langvarig sjukdom over 12 månader.
Behandlingsforsikring
Med vår behandlingsforsikring gjennom Gjensidige er alle tilsette garanterte rask hjelp – enten dei treng legespesialist, operasjon, fysioterapi, psykolog eller anna behandling. Helseforsikringa inkluderer mellom anna:
- Gratis tilgang til Nettlege via appen Dr.Dropin (òg for den tilsette sine barn)
- Fysioterapi – 12 behandlingar
- Undersøking og behandling hos legespesialist eller kirurgi innan 10 arbeidsdagar
- Behandling hos psykolog – 10 behandlingar
- … og mykje meir!

Andre goder
Stønad til heimekontor
Alle fast tilsette kan søkje om stønad på inntil 6000 kr eks. mva for å oppgradere heimekontoret sitt.
Mobiltelefon
Ilder dekker inntil 7500 kr eks. mva ved kjøp av ny telefon, inkludert deksel og skjermbeskyttar. Me tilbyr òg gratis mobilabonnement med 20GB data.
Subsidiert lunsj
Ilder dekker 50 % av lunsjkostnadene for tilsette, med ulike ordningar på våre lokasjonar i Bergen, Stord og Fauske.
Velferdspermisjon
Ilder gir permisjon med full lønn dei to første vekene etter fødsel. Me dekker òg ein flyttedag årleg, permisjon til gravferd for nær familie og andre situasjonar som fell inn under velferdspermisjonsordninga.
Me gir deg sjølvsagt òg fri med lønn på bursdagen din! 🥳
Tilskot til fysisk fostring
Me likar at folk ønskjer å vere aktive, spesielt saman med andre Ildere. Difor støttar me ulike fysiske aktivitetar som Ildere finn på, til dømes klatring, trening eller sykling, med inntil kr 500/mnd (utleggsrefusjon).
Sosiale aktivitetar med Ilsk
Me støttar og oppmuntrar til ulike sosiale aktivitetar. Ilsk (Ilders sosiale komité) får eit årleg sosialt budsjett for å arrangere sosiale samankomstar. Utvalet skal arrangere minst fire aktivitetar i løpet av året, til dømes fjellturar, fredagsøl på puben, sommarfest, badstu, skiturar, kahoot-leikar og mykje meir.
Sponsormidlar til idrettslag og andre lokallag/foreiningar
Ilder støttar idrettslag og andre lokale lag og foreiningar som har aktivitetar for barn og ungdom der våre tilsette har ei aktiv rolle. Kvar søkjar kan få tildelt inntil kr 7.500 (inkl. mva) i sponsormidlar.

Fagleg utvikling
Kurs og konferansebudsjett
Ilder gir alle tilsette eit personleg kursbudsjett på inntil 10 000 kr per år.
Halv lønn ved sertifisering utanom arbeidstid
Me oppmodar tilsette til å ta sertifiseringar og gir halv timelønn for førehandsgodkjent sertifisering og kurs utanom fakturerbar arbeidstid.
IlderFredag
Ein fredag i månaden samlast vi på kontora våre for faglege og sosiale aktivitetar, prosjektpresentasjonar og teknologiske oppdateringar.
Interne kursdagar
Minst ein gong i året samlar vi heile selskapet til ein intern kursdag. Vi leiger inn eksterne kurshaldarar for å gi fagleg påfyll innan relevante område.



