Remota

Nov 3, 2025
Remota
Oversikt over videostraumer i testmiljøet til Remota

Effektiv og trygg fjernaksess til offshoreoperasjonar

Kort om kunden

Remota AS utviklar teknologi for fjernstyrte og automatiserte operasjonar til sjøs. Med etablerte Remote Operation Centers (ROC) og eigen infrastruktur for video og kommunikasjon, gjer Remota det mogleg å overvake og støtte komplekse operasjonar utan å vere fysisk til stades på fartøyet til havs.

Utfordringa

Mange offshoreoperasjonar krev at ekspertar frå tredjepart er fysisk til stades om bord – sjølv når dei berre skal observere og gi råd undervegs. Dette kan gjere operasjonane kostbare, ressurskrevande, og tidvis vanskelig å koordinere. Remota ønskte ei løysing som kunne gjere slike inspeksjonar og observasjonar tilgjengelege frå land – utan å gå på akkord med tryggleik eller kvalitet.

Løysinga: Remota Access™

I samarbeid med Ilder AS har Remota utvikla Remota Access™, ei ny webbasert plattform som gjer sanntids video og lyd frå offshoreoperasjonar tilgjengeleg for autoriserte brukarar – direkte frå deira eigne einingar (mobil, pc og laptop).

Plattforma støttar:

  • Sanntids videostraumar frå fartøy via Remota-infrastrukturen
  • Lydkommunikasjon mellom land og sjø
  • Trygg autentisering og tilgangsstyring
  • Moglegheit for opptak og avspeling av inspeksjonar

Dette gjer Remota Access™ til eit komplett alternativ til å vera fysisk tilstade for mange typar inspeksjonar og oppfølgingsoppgåver.

Frå konsept til produkt på seks månader

Prosjektet vart utvikla som eit Minimum Viable Product (MVP) over seks månader, med fire hovudmilepålar frå april til september.

Gjennom jamlege demonstrasjonar, testrundar og ein felles workshop mellom Ilder og Remota, vart plattforma kontinuerleg forbetra basert på reelle behov frå brukarar og kundar.

“Remota Access™ viser korleis digital samhandling kan erstatte fysisk nærvær utan å miste det menneskelege elementet. Gjennom prosjektet har Ilder vist korleis teknologi og brukaroppleving kan gå hand i hand.”
Lise Goa Fagerheim, Prosjektleiar hos Remota AS

Suksessfaktorar

  • Skalerbarheit: Løysinga nyttar kommersielle skytjenester for høg driftstryggleik og fleksibilitet.
  • Brukaroppleving: Moderne rammeverk sikrar eit intuitivt og effektivt grensesnitt.
  • Tryggleik: Utviklinga har følgt beste praksis for autentisering, autorisering og datatryggleik.

Gjennom eit ope og tett samarbeid med Remota sitt team har Ilder bidrege til å realisere eit produkt som for alvor endrar måten fjernoperasjonar vert gjennomførte på – både for Remota og deira kundar.

Remota
Remota offers remote operations and semi-autonomous maritime services to the offshore and marine industries, by utilizing Remote Operating centers.